Tine Fløystad (27) er ny journalist i Driva:

Vil skrive om menneske

– Eg gler meg på å kome i gang, seier Tina Fløystad. Denne veka starta sunndalsjenta i jobben som journalist i Driva.

- Eg likar å tru at eg er allsidig, og at eg kan fatte interesse for mykje og for folk flest, seier Tina Fløystad. 

Nyheter

Redaktør Tommy Fossum er svært glad for å ha fått Tina med på laget. Han kjenner Tina som ein stødig, idérik og engasjert person som skrive like godt på nynorsk som på bokmål.

– Eg er glad Tina sa ja til å starte som journalist i Driva. Ho har ei stemme som eg gler meg på å sjå i spaltene.

Glad i å skrive

Tina seier ho alltid har hatt stor glede av å skrive.

– Eg er ikkje utdanna journalist, og tidlegare år drøymde eg ei stund om å bli forfattar eller dyrlege. Men eg har alltid likt å skrive. Da eg var lita laga eg teikneseriar, skreiv små forteljingar og etter kvart noveller. I tenåra og ungdomstida skreiv eg ein del dikt, som eg har fortsett med i vaksen alder. Det var historier som fenga meg, eg likte å dikte mine eigne historier, eg oppsøkte historier i filmar, musikk og bøker og eg var tidenes dagdrøymer. Eg oppsøker framleis gode historier i forskjellige kulturuttrykk, kanskje er det éin av grunnane til at eg er so interessert i kultur og at eg valde å studere kulturprosjektleiing ved Høgskulen i Lillehammer. I studietida både skreiv og fotograferte eg for studentavisa – fotografering er òg noko som har interessert meg frå barneskulen av.

Bryr seg om regionen

Tina seier ho valde å takke ja til jobben i Driva fordi ho er engasjert og bryr seg om det som skjer i Driva-regionen.

– Også fordi eg trur eg kan formidle historiene til menneska som bur der. Sidan eg flytta frå Sunndal etter vidaregåande, har eg alltid hatt ei kjensle av at eg ønskja å vende attende på eit tidspunkt, og at når eg gjorde det skulle eg klare å bidra på den eine eller andre måten i lokalsamfunnet.

Dei siste dagane har Tina førebudd seg på sin nye jobbkvardag.

– Eg skjønnar at eg må vere oppdatert til ei kvar tid og at sjølv om eg har erfaring med å skrive, så er det mykje eg må sette meg inn i. Eg tek ikkje lett på denne jobben, er i grunn ganske nervøs og går inn i dette med stor respekt og ærefrykt. Eg likar å tru at eg er allsidig, og at eg kan fatte interesse for mykje og for folk flest. Sjølvsagt er det stas om eg kan skrive litt om kulturarrangement, men eg gler meg mest til å prate med og intervjue menneske, uansett kva som opptek dei og kva dei gjer på.