Lærling hjå Equinor

1500 søkarar og 170 som fikk plass – Marie (19) er ein av dei

Marie Romfo Meringdal var usikker på om ho klarte å kome gjennom nåløyet under intervjuet med Equinor. No kjenner ho seg heldig, og er glad for at ho har fått lærlingplass på Kristin-plattformen.

Marie Romfo Meringdal hadde sine fyrste veker som elektrikarlærling på Kristin-plattformen tidlegare i haust.   Foto: Equinor

Nyheter

Marie kjem frå ein gard på Romfo, kor ho no har vore i den fire veker lange friperioden sin. Før friperioden hadde ho sine fyrste to veker på ein av Equinor sine plattformer, Kristin-plattformen i Norskehavet.