Fylkesstatistikk 2020

Møre og Romsdal held stand som nest største eksportfylke

Nokre av dei viktigaste utviklingstrekka i Møre og Romsdal er nedgang i innvandringa og svak vekst i sysselsette, men fylket held stand som nest største eksportfylke.

- Vi ser også at dei med innvandrarbakgrunn utgjer 64 prosent av det innanlandske flyttetapet i Møre og Romsdal i 2019, seier Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Nyheter

Dessutan fullførar fleire vidaregåande opplæring og det er fleire kvinner enn menn blant sysselsette med lang høgare utdanning, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Statistikken som Møre og Romsdal fylkeskommune nyleg publiserte viser at folketalet i Møre og Romsdal auka med 268 personar frå 2019 til 2020.

- Svakare vekst i innvandringa og lågt fødselsoverskot er viktige årsaker til den svake folketalsveksten. Korleis innvandringa utviklar seg i åra som kjem vil ha mykje å seie for befolkningsutviklinga i fylket. Vi ser også at dei med innvandrarbakgrunn utgjer 64 prosent av det innanlandske flyttetapet i Møre og Romsdal i 2019, seier Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Framtidsverktøy

Kvart år blir tal og fakta i statistikk gitt ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesstatistikken er meint som eit kunnskapsgrunnlag for politikarar, kommunar og andre samfunnsaktørar i fylket, som eit verktøy til å planlegge framtida.

- No viser mellom anna befolkningsframskrivingane at mange kommunar i fylket vil få endringar i folkesamansettinga i åra som kjem. Det blir ei lågare vekstrate framover, både i fylket og nasjonalt. Talet på barn og unge går ned medan talet på eldre aukar. Dette vil på sikt føre til endringar i mange kommunar sin tenesteproduksjon, seier Sjåholm.

Bygg i strandsona

Folketalsutvikling, sysselsetting og flytting er viktige tema som er med i Fylkesstatistikk kvart år, noko som gir lesarar moglegheit til å følge utviklinga over tid. Nye tema i årets utgåve er mellom anna spesialundervisning i grunnskulen, kommunale bustadar, bygg i strandsona og attval til kommunestyre og fylkesting.

- 2020 er eit spesielt år å lage statistikk, vi har gått frå 35 til 26 kommunar i fylket, og frå 18 til 11 fylke i landet. I tillegg er vi i år ramma av ein global pandemi som gir fylket nye økonomiske og sosiale utfordringar. Både nye inndelingar og pandemien gjer at tidslinjene kan få eit brot, og gjere samanlikningar bakover i tid meir komplisert, seier Sjåholm.