Kampen mot meiningstvang

Far min kjempa mot nazidiktaturet, og overlevde. Så reiste han til USA og opplevde senator McCarthys kriminelle klappjakt på såkalla kommunistar. Kanskje var det derfor det skar seg mellom far min og Sunndal Arbeiderparti. Han var blitt allergisk mot meiningstvang.

illustrasjon: Alf Ivar bruseth 

Nyheter

Resultatet av striden er avisa du no les. Driva, «Avisa for bygdene», kom ut med første nummer den 5. oktober 1971. Forspelet vekte oppsikt: Alle dei tilsette i ei partiavis slutta, og gjekk saman om å skape ei ny, uavhengig avis. Frå Aura til Driva. Det var starten på ein aviskrig som har komme distriktet til gode i snart 50 år.