Bygdebok for Surnadal bind 4 er lansert:

570 siders praktverk er i handelen laurdag ettermiddag

Bygdebok for Surnadal bind 4 vart lansert i lokala til Surnadal frivilligsentral fredag kveld. Invitert var bygdeboknemnda, livsviktige medhjelparar i grendekontaktane, og lokalpressa. Bygdebokmedarbeidarar Norunn Holten og Siv Snekvik leia lanseringa. Boka blir å få kjøpt ved Surnadal Folkebibliotek laurdag ettermiddag.

Stor hending: Lansering av eit nytt band i bygdebokseria er verd å feire, og det er stort å få sitje og bla i bokverket. Vi ser Inge Solheim, Tor Ålbu, Oddvar Kvande, Gudrun Bele, Erling Myrbostad, Gudrun Langli Storholt og Jon Storløkken. Nils Mogstad og Lars Polden sat òg ved same bordet.  Foto: Magne Lillegård

Nyheter

Surnadal kommune inviterte til ei lita privat bygdeboklansering i lokala til Surnadal frivilligsentral fredag kveld leia av bygdebokmedarbeidarar Norunn Holten og Siv Snekvik.