Magisk kveld på helleristningane på Bogge.

Mellom 50 og 60 personar, store og små møtte fram for å sjå og høyre om helleristningane på Bogge onsdag kveld. Medan mørkret kom sigande og i lyset frå faklar og ledlamper, kom ristningane i berget fram på ein heilt spesiell og tydeleg måte.
Nyheter

Sist veke har arkeologar frå NTNU i Trondheim saman med Fylkeskommunen utført feltarbeid på helleristningane. Dei siste par åra har felta vore behandla med etanol, som skal bidra å fjerna mose og mikrovegetasjon og forhindre forvitring av berget. Det skal og betre synligheita av figurane. I desse dagar blir så bergkunsten igjen dekt til for vinteren og det var onsdag siste sjanse denne sesongen til å sjå figurane.