Ein gjeng med fyr og flamme

«Heilt fantastisk!» Lovorda satt laust etter den vekelange kunstsamlinga «Høste» på Kvanne og i Stangvik. Deltakarar frå heile landet var imponert over opplegget til Brit Dyrnes, som ønskjer å føre suksessen vidare.
Nyheter


Etter ei veke fylt med opplevingar og aktivitet kunne deltakarane dekkje bordet med sjølvlaga koppar og skåler laurdag kveld. Måltidet levde opp til kurstittelen «Høste»: grønsakene var lokale, ein del av leira som vart keramikk var lokal, og kjøttet var lam frå Todalen og hjort frå Stangvika. Bordet vart dekt i Stangvik prestegard, der alle deltakarane budde.