Massevaksinering med høg grad av smittevern i Surnadal komande veke:

– Vi er godt førebudd og gler oss

Tysdag, onsdag og torsdag komande veke blir det influensavaksinering i stor stil Surnadal idrettshall. Store lokale, eit stort og godt førebudd apparat med mykje mannskap vil ivareta smittevernet og sørge for god flyt.

Klare for innrykk: Både denne gjengen og enda fleire er klare for storinnrykk og influensavaksinering i Surnadal idrettshall komande veke. F.h.: Reidar Brøske (leiar i Surnadal Røde Kors), Heidi Elnes Fiske (leiande helsesøster), Gunn Bredesen (einingsleiar), Bodil Nes (helsesjukepleiar), Bjørn Buan (kommuneoverlege), Hildegunn Kvendset Andersen (helsesjukepleiar), Marianne Hansen Røv (helsesjukepleiar), Berit Moen Møkkelgård (helsesjukepleiar) og Elin Bøklepp Kvande (leiar i omsorgsgruppa i Surnadal Røde Kors).  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

I Surnadal vil årets influensavaksinering gå føre seg i Surnadal idrettshall tre dagar i veka som kjem; tysdag (10–16), onsdag (10–16) og torsdag (10–13).