Russerevyen 2020:

– Revyen står i fare

Revystyret er ein glad og engasjert gjeng som ønskjer å lage ein enno betre revy enn den i fjor, og åra før. Men dei fryktar konsekvensane av at dei lokale møremusikarane kanskje forsvinn.

Positiv gjeng: Men blir det revy i 2021? Bakerste rekke, frå venstre: Sigurd Tøfte Johnsen, John Erik Hagerup Jenstad, Kristin Solheim, Synne Megård Reitan, Stine Berset Østby, Maren Resell Hauglund, Malin Birkestøl, Hans Fredrik Moxnes. I midta, frå venstre: Malin Forseth, Marit Heimtun, Idunn Reiten Melien, Astrid Ansnes, Ane Johnsen, Ane Moen, Annalena Sass. Fyrste rekke, frå venstre: Aurora Gustavsen og Fredrik Stokke.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Revystyret er allereie i gong – sponsorar er kontakta og dei har byrja å skrive. Det er ein positiv og fin gjeng som treff pressa fredag formiddag. Revysjefane Aurora Gustavsen og Fredrik Stokke fortel litt om arbeidet dei har gjort til no og kva for tankar dei har. Kva revyen skal heitte er enno ikkje bestemt og dei ønskjer ikkje å røpe så mykje om kva den skal handle om riktig enno.