Dei nye redaktørane:

– Lesarane er dei store vinnarane

Torsdag kveld tok fleir turen til Sunndal folkebibliotek, for å deltake på redaktørmøte med dei nye redaktørene i Aura Avis og Driva. Kva for tankar har dei om avisene og rolla dei har i lokalsamfunnet?

Redaktørane: Ingrid Ellevset i Aura Avis og Tommy Fossum i Driva.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Ole Magne Ansnes leia samtalen med Ingrid Ellevset, redaktør for Aura Avis, og Tommy Fossum, redaktør for Driva. Båe redaktørane kunne stadfeste at det hadde vore travle veker, sidan dei byrja å arbeide. Ingrid fortalde at medan Driva har fleir kommuner å forholde seg til, er Aura meir ultralokal, og at det er spennande å fylgje nokon lokalsamfunn tett. Medan Tommy håpar at Driva kan fortsetje å styrke indre Nordmøre.