Signert Svein Sæter:

Donald Trump & Co

Donald Trump og eg har to grunnleggande ting til felles. Ein: både hans og min farfar deltok under dei store gullrusha for 120 år sia. To: snart er verken Donald eller eg president i USA.
Nyheter

I mai 2017 tok Anita og eg rutebåten frå Juneau til Skagway i Alaska, inngangsporten til den lange turen innover villmarka til Klondike i Canada. Donald Trump hadde vore president i mindre enn eit halvt år, og vi oppdaga at folk lo av han og familiehistoria hans.