Sunndal kulturskule kan miste rundt 100 elevplassar:

– Barn og unge må få finne ut kven dei er gjennom kunst og kultur

Lærarane ved Sunndal kulturskule ser med stor bekymring og uro på budsjettforslaget til kommunen.

Behov for to danselærarar: Hege Lauritzen er bekymra for dansetilbodet på kulturskulen, dersom kommunen ikkje fortsett med avtalen om å leie inn Tendai Makurumbandi frå Operaen i Kristiansund.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Måndag inviterte dei tilsette ved Sunndal kulturskule til pressekonferanse. Lærararne ønskte å tydeleggjere kva kommunen sitt forslag til sparing i kulturskulen, vil innebere i praksis. Kommunen foreslår å ikkje vidareføre engasjementet til dei tre møremusikarane som tidlegare har vore innleid av kommunen, frå fylket. I tillegg ønskjer ikkje kommunen å vidareføre avtalen med Operaen i Kristiansund. Sistnemnde avtale er stillinga som danselærar Tendai Makurumbandi har hatt på kulturskulen. Makurumbandi er tilsett ved Operaen i Kristiansund.