Ein REKO-ring fungerer som ein kontaktplattform mellom forbrukarar og lokale matprodusentar i nærområdet. Som kunde kan ein bestille matvarer frå dei ulike produsentane i Facebook-gruppa REKO-ringen Sunndal. REKO betyr rettferdig konsum. Og i Facebook-gruppa legg initiativtakarane vekt på at dei ønskjer eit mangfoldig og berekraftig landbruk og meir lokal mat.
Populært tilbod
Direkte frå bonden
Torsdag ettermiddag var den aller første utleveringa i REKO-ringen Sunndal. Kundar kunne hente forhåndsbestilte varer frå lokale produsentar på øratorget. Folk møtte til riktig tid og var både spente og blide.
Flott fyrste utlevering: Ildri Sandbakken (t.v.) og Åse Torvik frå Mosbøen gård hadde det travelt på REKO-ring-utleveringa i går. – Eg trur Sunndal treng dette no, seier Torvik.
Nyheter