Vil lage lakselordutstilling, men treng drahjelp

Sjå kva Jarle har fått i hus

Velståande britiske lakselordar prega elvar som Surna, Driva, Eira og Visa. No har Jarle Stavik fått tak i eksklusivt fiskeutstyr og han vil skape ei unik og spennande utstilling.

Stor fangst: Jarle Stavik og museumslaget ønskjer å lage utstilling om det britiske laksefisket.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Museumsstyrar Jarle Stavik har nemeleg oppgradert fiskestongsamlinga til museumet på Leikvin i Sunndal. Tildlegare hadde dei kun to fiskestenger, no har dei 29 stenger, 40 sneller samt nokon håver, klepper, fluer, boksar med snøre og krokar. Det er sjølvsagt ikkje vanlege fiskestenger og utstyr det er snakk om – stengene er laga for hand mellom 1840 og 1960, dei eldste er laga av tre. Eit skikkeleg kupp for ein som driv museum i ein lakseregion som Driva-distriktet og som har ei rik engelsktidshistorie.