Ålesund sjukehus:

Tilsett testa positivt på Covid-19

Dette skjedde torsdag. Den tilsette arbeider ved augesekjsonen på sjukehuset.
Nyheter

Den tilsette har hatt nærkontakt med fleire kolleger og pasientar, men hadde ingen symptom på sjukdom før onsdag ettermiddag, og har ikkje vore på arbeid etter dette, skriv kommunikasjonsdirektør Helse Møre og Romsdal HF, May-Helen Molvær Grimstad, i ei pressemelding.

- I tråd med smittevernrutiner vert alle nærkontakter varsla, uttalar klinikksjef Elisabeth Siebke. Dette gjeld også pasientar som har vore i kontakt med den tilsette etter måndag 2. november kl. 12.

Totalt er det 18 tilsette og 20 pasientar som no blir sett i karantene og vil bli følgt opp. Arbeid med oppfølging er i gangsett i samarbeid med kommuneoverlegane i dei aktuelle kommunane kor pasientane eller dei tilsette bur.

Augeseksjonen i avdeling for kirurgi blir no stengd inntil vidare. Molde sjukehus har vaktberedskap for øyeblikkeleg hjelp for auge-pasientar i denne perioden.

- Stenginga av augeseksjonen påverkar ikkje dei andre tenestane på sjukehuset i Ålesund, seier klinikksjef Siebke.

Pasientavtalar ved augeseksjonen vil fram til og med fredag 13. november i første omgang bli avlyst. Det arbeidast med å gi pasientane nye timar. Alle som får endra avtale vil bli kontakta. Det er også høve til å ta kontakt med Ålesund sjukehus på telefonnummer 46 80 23 25 i tidsrommet 08.00-16.00 på kvardagar.