Ungdommar arrangerte konsert

Ønskjer eit sterkt musikkmiljø

Fredag kveld traff Driva ein gjeng med engasjerte og ivrige ungdommar på Garasjen (Rallarn) i Sunndal. Dei gjorde seg klare til ein konsert dei arrangerte på eiga hand, med litt hjelp frå lærarar på kulturskulen.

Fem band spela på Garasjen fredag: The Vetles, KBB, Space Chickens og Mc Mountains. Her ser vi mest heile gjengen. Glade og spente!  

Nyheter

Sunndal er ein del av det nasjonale prosjektet Koordinert kommunalt kulturarbeid. Prosjektet vart sat i gong i fjor av UKM Norge, Norsk kulturskoleråd og Ungdom og Fritid med mål om å betre samarbeidet i kommunar og dermed gjere kulturlivet betre. Sunndal er éin av fem kommunar som tek del i prosjektet, dei andre kommunane er Melhus, Sola, Kongsberg og Arendal.