Berte Marie Ekren (81) føler seg utrygg i omsorgsbustad

Berte Marie Ekren er 81 år gamal og bur i ein kommunal omsorgsbustad. No vil ho flytte fordi ho ikkje føler seg trygg og ikkje trivst, men kommunen kan ikkje å gje ho ein annan omsorgsbustad med det fyrste.

Ikkje ein høveleg bustad: Berte Marie Ekren (t.v.) får støtte frå dotter si, Randi Ekren og søster si, Astrid Mølsæter.  

Nyheter

Berte Marie Ekren kjøpte etterkvart leilegheita ho fikk tildelt som omsorgsbustad, men no ønskjer ho å flytte. Ho fikk avslag frå Sunndal kommune på førespurnad om å få tildelt ein annan omsorgsbustad. Ekren har i tillegg tilbydd kommunen å kjøpe bustaden av ho, det ønskjer ikkje kommunen, fortel Berte Marie Ekren. Ho kan selgje leilegheita til nokon andre og deretter kjøpe seg ny. Men Ekren tvilar på at ho får solgt, då burettslaget ho bur i er prega av mykje uro.