Slik er status inn mot adventstida:

Avlyser alle arrangement som ikkje er «nødvendige»

Blir det julekonsertar i år? er det kanskje nokon som spør seg. Kyrkjekontoret i Surnadal opplyser at alle arrangement i kyrkjene som ikkje er «nødvendige» no blir avlyst. Det vil seia alt utanom dåp, vigsler og gravferder.

Usikker adventstid: Alle større arrangement i kyrkjene er avlyst – i første omgang ut november. Elles er det uvisst korleis det blir vidare framover, men det er nok sannsynleg at det kjem fleire avlysingar inn mot jul. Biletet er henta frå arkivet og er frå ein tidlegare julekonsert.   Foto: Magne Lillegård

Nyheter

På grunn av noverande covid–19–situasjon og nye smittevernreglar har kyrkjekontoret i Surnadal teke nokre grep og blant anna gjort om på gudstenestelista for kyrkjene i Surnadal og Rindal ut november.