Kristin byrjar i det små – draumen er eigen salong i sentrum

Kristin Sæther Sunde bestemte seg for at ho ville opne ein eigen salong då ho gjekk på vidaregåande. 10. november opna ho Kristins Beauty på Sunndalsøra.

Opna salong: Kristin Sæther Sunde har nyleg opna sin eigen beauty-salong kor ho tilbyr ulike behandlingar for augebryn og augevipper.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

I løpet av det fyrste året på vidaregåande i Ålesund sat Kristin Sæther Sunde seg som mål å opne eigen salong. Ho ønskja i tillegg å arbeide i butikk ved sidan av – dåverande Vita og noverande The Loox. I dag er ho 22 år gamal og fast tilsett på deltid hjå The Loox i Sunndal og har opna eigen salong i Sunndalsvegen 67, som heiter Kristins Beauty. Ho er glad ho har fast inntekt, då det hadde vore vanskeleg å opne salongen utan.