Sjukehusdramaet:

Fortset forhandlingane med Skanska - dette er den nye fristen

Helse Møre og Romsdal og Skanska Norge AS er einige om å fortsetje forhandlingane med mål om å kome til einigheit om ein gjennomføringsavtale om bygging av nytt akuttsjukehus på Hjelset. Samtidig går Johan Arnt Vatnan av som leiar for prosjektstyret for det nye sjukehuset.

Ny frist for å kome fram til ein avtale er sett til 10. januar. – Basert på den skriftlege tilbakemeldinga frå Skanska 18. desember og samtalar med konsernsjef i Skanska Ståle Rød i helga, finn eg det riktig å fortsetje forhandlingane med sikte på å bli samde med Skanska om ei omforent løysing, seier adm. direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, i ei pressemelding. 

Nyheter

Ny frist for å kome fram til ein avtale er sett til 10. januar.