Butikksjef og ambassadør for heimbygda kåra til årets Driva-namn!

– Herlighet! Sa Marianne Gridseth, og tørka tårar då ho fikk vite at Driva-lesarane har kåra ho til årets Driva-namn 2020.

Overraska og glad: – Eg vart heilt sett ut eg no, sa Marianne Gridseth, etter ho hadde fått nyheiten om at ho er kåra til Årets Driva-namn. Frå venstre: Helga Bråten, Tommy Fossum, Marianne Gridseth og Kari Grete Røkkum Vevang.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Driva overraska Marianne Gridseth i den vetle – men innhaldsrike – Joker-butikken i Ålvundfjord i Sunndal, kor ho arbeider som butikksjef. Gridseth vart så overraska at ho tok til både latter og tårer, i det redaktør Tommy Fossum gav ho gratulasjon, blomar og eit rosemala fat, som vinnaren av Årets Driva-namn pla få overrekt. Fatet er mala av Liv Gjermundnes.