Vegen blir etter planen opna igjen fredag 22. januar.
- Det er eit punkt vi har hatt under overvaking ein periode samtidig som vi har prosjektert løysinga for å støtte opp og stabilisere vegen igjen, fortel byggeleiar Kjetil Okkenhaug i Møre og Romsdal fylkeskommune i en pressemedling.
Vegen er fire meter brei på staden. Om lag halve vegbreidda har no sklidd så mykje ut at det ikkje lenger går an å brøyte vegen og halde han open for trafikk. Det er berre punktet ved Leangen som er stengt. Vegen er open frå begge sider.