Dette er årets regionbyggar 2020

– Stikk Ut! har bidratt til å gjere innbyggarane i fylket kjende med, og stolte av sitt eige fylke.

Konseptet Stikk UT! er drifta av friluftsråda i fylket. Ola Fremo (Nordmøre og Romsdal friluftsråd) og Anne Berit Støyva Emblem (Sunnmøre friluftsråd) møtte opp for å ta i mot prisen. Onsdag vart Stikk ut kåra til Årets regionbyggar 2020, og fekk prisen frå fylkesordførar Tove-Lise Torve. 

Nyheter

Det er eit tilbod for alle i Møre og Romsdal, uavhengig av geografi, alder og sosiale forhold. Med nesten ein million registrerte turar i 2020, er Stikk Ut! eit viktig folkehelsetiltak, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve under utdelinga.