Mogleg samarbeid om sherpatrapper

Styreleiar Per Steinar Husby fortel han har god kontakt med primus motor bak Prestaksla-stien, Ulrik Sverdrup Molton i Eidsvåg. Sistnemnde håpar dei to sherpatrappene kan bli eit tvillingprosjekt.

Vil samordne: Ulrik Sverdrup Molton håpar ein kan samordne Prestaksla-stien, Vinnutrappa og i tillegg dei andre sherpatrapp-prosjekta i regionen.  

Nyheter

Eidsvåg Idrettslag med Ulrik Sverdrup Molton i spissen, fortalte til Driva i desember 2020 at plana er å i løpet av dette året byggje sherpatrapper i dei brattaste partia i stien opp til Prestaksla. Prestaksla-stien ligg ved Nesset prestegard og byrjar på 50 meter over havet, med eit toppunkt på 609 meter over havet. Det er ein populær, men slitt tursti, som treng utbetring.