Pressemelding frå Helse Møre og Romsdal:
Alle tilsette og studentar som har hatt opphold eller hatt besøk fra Follo-kommunar og Oslo skal i karantene. Dette gjeld tilsette i HMR og studenter som har praksis i helseforetaket.
Tiltaka gjeld for dei som har oppholdt seg i dei aktuelle kommunane* eller hatt besøk derifrå siste ti dager.
TILSETTE
På reise/hatt besøk denne helga – Karantene i ti dager.
Tilsette som har vore på reise til dei ti kommunane og/eller hatt besøk av personar frå desse kommunane denne helga (frå og med fredag klokken 01.00), skal i karantene i ti dager. Ein oppmodar tilsette til å teste seg dag 5 for å lette eventuell smittesporing, men resultatet av testen har ingen innverknad på karantenetida som er 10 dager.
På reise/hatt besøk siste ti dager – før 22. januar – skal teste seg før dei kjem på jobb.
Desse tilsette skal teste seg før dei går på jobb og vente med å gå på jobb til testresultatet er klart. Ved negativ test skal ein gå på jobb og bruke munnbind. Ny test skal gjerast sju dager etter heimkomst. Ved negativ test etter 7 dager, kan ein stoppe bruk av munnbind (ved 7 dager eller lenger sidan siste eksponering, vert det berre ein test)
STUDENTER
Studenter skal ikkje møte på sjukehusa/andre institusjonar
Studenter og praksisstudenter som har vore i dei aktuelle kommunane eller hatt besøk derifrå dei siste ti dagane, skal ikkje møte på sjukehusa/andre institusjoner i HMR før det har gått 10 dager etter tilbakekomst til Møre og Romsdal/etter besøket.
Studenter som jobberi HMR skal følge reglane for tilsette.
Desse tiltaka gjeld til ny informasjon vert gitt.
* Dette gjeld kommunane:
• Nordre Follo
• Oslo
• Enebakk
• Ås
• Vestby
• Nesodden
• Indre Østfold
• Moss
• Frogn
• Våler