Fleire bønder vel tre

I 2020 valde eit aukande tal bønder å satse på miljø- og klimavennlege driftsbygningar med tre som byggjemateriale.
Nyheter

Innovasjon Noreg premierer bønder som byggjer driftsbygningar med tre som klima- og miljøvennleg byggjemateriale. I 2020 fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å vere klima- og miljøvennlege gjennom bruk av tre i bygga deira. Som for andre næringar er det også mogleg for landbruket å få særskild støtte for å vere ekstra miljø- og klimavennleg. Ved jordbruksforhandlingane i 2019 blei det vedtatt å innføre ei ordning som premierer bruk av tre som byggjemateriale. Ordninga kjem i tillegg til det ordinære investeringstilskottet til driftsbygningar frå Innovasjon Noreg.