56 000 personar får delta i undersøking:

Vil finne ut korleis det er å bu og leve i Møre og Romsdal

For aller første gang skal det gjennomførast ei folkehelseundersøking i heile Møre og Romsdal. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), og vil gi viktig informasjon om helse, velferd, trivsel og livskvalitet til innbyggarane i fylket.

Fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen og fylkesordførar Tove-Lise Torve meiner folkehelseundersøkinga er ein milepæl i folkehelsearbeidet og håper at så mange som mogleg svarer på undersøkinga.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyheter

Den 1. februar vil 56 000 utvalde personar over 18 år få ein invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga på sms og e-post, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.