– Etter mitt skjøn er det veldig lite som skal gjerast for at fylkesveg 62 skal bli opna

Tilsette i fylkesvegavdelinga og representant frå Norges lastebileierforbund, Torstein Ottem, var spente på Tjellekleiva i forkant av prøvekøyring med modulvogntog tysdag. Dei oppdaga nokon utfordrande flaskehalsar, men Tjellekleiva var ikkje den verste.

Prøvekøyrde: Tysdag gjekk arbeidsdagen til Torstein Ottem med til å prøvekøyre dette modulvogntoget på nokon av fylkesvegane i Møre og Romsdal. Turen byrja ved T. Ottem Transport på Sunndalsøra. Etter rundkøyringa i sentrum var neste flaskehals på ruta Tjellekleiva i Eidsvåg.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Tysdag skulle Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Norges Lastebileier-forbund prøvekøyre modulvogntog på fylkesvegar mellom Sunndalsøra og Averøy/Kristiansund via Molde. Torstein Ottem, frå Norges Lastebileier-forbund var den som køyrde det 25 meter lange modulvogntoget. To tilsette frå fylkesvegavdelinga deltok òg i prøvekøyringa.