Netto driftsresultat på 8,9 millonar: – Det er mykje arbeid att. Men vi er på rett veg

Torsdag presenterte Surnadal kommune det foreløpige årsresultatet for 2020. Stemninga var god, men både kommunedirektør og ordførar er medvitne om arbeidet som ligg framfor kommunen.

Økonomisjef Martha Torvik presenterte det foreløpige regnskapet for Surnadal kommune torsdag. Ho skrytte av arbeidet til økonomiavdelinga og føler seg trygg på at alt er gjort riktig. Arkivbilete.  

Nyheter

Surnadal kommune kan legge fram eit foreløpig årsrekneskap for 2020 med eit netto driftsresultat på 8,9 millionar, som er betre enn på fleire år. Tilsvarande tal i 2019 var eit negativt resultat på 16,0 millionar, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding torsdag.