Vil auke vedlikehaldet av fylkesvegane

Ønskjer å gjere sikringsarbeid i Øksendalstunellen

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om 75 mill. kr i ekstra statlege midlar til vedlikehald av fylkesvegnettet i 2021. Midlane kan føre til ein betydeleg auke i vedlikehaldsarbeidet som kjem både trafikantane og næringslivet i fylket til gode.

Møre og Romsdal fylkeskommune søkjer om støtte til blant anna bergsikring av Øksendalstunnelen. Dette vil koste 20 millionar kroner.  

Nyheter

I statsbudsjettet for 2020 vedtok Stortinget ei ny tilskotsordning for vedlikehald av fylkesvegnettet på 400 millionar kroner som fylkeskommunane kan søkje på, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.