Hanna vil bli artist – no har ho produsert sitt fyrste album

Hanna Melkild Vergeni har nyleg publisert sitt fyrste album, som ein kan lytte til på Spotify og Apple music. Den unge musikaren har ikkje berre skrive tekster og musikk sjølv, heile albumet er spelt inn og produsert av Hanna.

Har gjort alt sjølv, inkludert å teikne omslag: Albumet har same tittel som fyrste låt. Hanna Melkild Vergeni seier denne låta høver til stemninga i albumet. Albumomslaget er eit sjølvportrett. Illustrasjon: Hanna Melkild Vergeni  

Nyheter

– Det byrja i haust, tanken var at eg kunne ha albumet på Spotify, slik at det vart enklare for familie og vener å høyre det. Eg ønskja å få til eit album, fordi eg allereie hadde nokon låtar frå før. Så eg sat meg som mål å skrive fleire låtar, slik at det vart eit heilt album, fortel Hanna Melkild Vergeni til Driva.