Indre Nordmøre hadde 204 fleire straffesaker enn Surnadal i 2020

Dette viser straffesakstal frå Møre og Romsdal politidistrikt.
Nyheter

Oversikta med straffesakstal viser tal frå både 2018, 2019 og 2020 og ei samanlikning med prosent-avvik mellom dei to siste åra. Når det gjeld Surnadal lensmannsdistrikt må ein vere varsam med å samanlikne tal frå 2020 med tal frå 2019. Årsaka til dette er at grensene for lensmannsdistriktet vart endra 1. januar 2020. Tidlegare Halsa kommune og Surnadal kommune var før i same lensmannsdistrikt og politidistrikt. Medan nye Heim kommune er overført til Trøndelag politidistrikt.