– Sylvi er misforstått

Forrige veke annonserte Siv Jensen (FrP) at ho ikkje fortsett som leiar for partiet. Ann-Karin Sæther i Sunndal FrP og Nils Petter Tonning i Surnadal FrP er samde når dei uttalar seg om Sylvi Listhaug som Jensen sin potensielle etterfølgjar.

Ann-Karin Sæther (FrP) vart overraska over at Siv Jensen går av som leiar. Sæther er ikkje i tvil om kva ho tenkjer om Sylvi Listhaug som Jensen sin etterfølgjar.   Foto: Ingrid Ellevset

Nyheter

Då Driva ringte Ann-Karin Sæther (FrP), kommunestyrerepresentant i Sunndal, var det berre såvidt sjokket over at Siv Jensen skal gå av som leiar, hadde lagt seg hjå Sæther. Siv Jensen er den noverande leiaren for Framstegspartiet og har sete som leiar sidan 2006. Torsdag annonserte Jensen at ho ikkje vil sitje som leiar for partiet lengjer og foreslo Sylvi Listhaug som sin etterfølgjar, i tillegg foreslo ho Ketil Solvik-Olsen som nestleiar.