Todalshytta satsar mot utenlandske jakt- og fiskegjestar

Søker om støtte til å utarbeide ei nettside med booking-funksjon.

Satsar digitalt: Todalshytta har ei større satsing på gang retta mot utanlandske gjestar. No søkjer dei kommunen om støtte til å utarbeide ei nettside med bookingfunksjon.  Foto: Arkiv.

Nyheter

Formannskapet i Surnadal får på førstkomande møte ein søknad frå Todalshytta AS på bordet. I søknaden skriv dagleg leiar Arve Evensen at selskapet er i god utvikling i høve turisme og reiseliv frå inn- og utland. Dei har ei større satsing på jakt og fiske mot utanlandske gjestar under planlegging, og treng i samband med dette ei god nettside med både interaksjon mot online booking og generell informasjon om høva knytt til Todalshytta og Todalen.