Erik Kårvatn reiste heim frå Andorra i dag – sjekk korleis 18-åringen gjorde det i randonee-VM

Erik Kårvatn har delteke i tre konkurransar under VM i randonee denne veka. Meisterskapet vart arrangert i Andorra.

Her er Erik på veg inn mot første skiftesone i semifinalen i sprint.   Foto: Gudmund Kårvatn

Nyheter

18 år gamle Erik Kårvatn frå Todalen gjennomførte sin siste VM-konkurranse laurdag, i juniorklasse U18. Det endte med ein 12. plass og Kårvatn tykkjer det er eit greitt resultat. Erik Kårvatn reiste saman med far sin, Gudmund Kårvatn, til Andorra.