Startar arbeider rett over påske:

Sikrar Kvanne ferjekai – slik blir trafikkavviklinga

Tysdag 6. april startar Møre og Romsdal fylkeskommune sikringa av Kvanne ferjekai. I fem veker blir det jobba store delar av døgnet for å stabilisere steinfyllinga og sikre sjøbotnen mot utvasking. Dette må dei reisande vite om trafikkavviklinga.

I fem veker blir det jobba store delar av døgnet ved Kvanne ferjekai for å stabilisere steinfyllinga og sikre sjøbotnen mot utvasking. Det vil medføre innstilte avgangar på ferja.  Foto: Tommy Fossum

Nyheter

Større og kraftigare ferjer har ført til undergraving av steinfyllinga ved Kvanne ferjekai slik at fyllinga har vorte ustabil og treng sikring slik at ho ikkje rasar ut.