Kom på andre plass i finaleløp og samla inn over 70 000 kroner til Barnekreftforeningen

Odd Edøy gjennomførte nyleg eit 24 timar langt løp, som ein av finalistane i Hagemanns Høydemeterløp. For kvar mil han sprang, støtta han Barnekreftforeningen med ein viss sum. Han oppfordra andre til å støtte saka, medan han sprang runde på runde på Sande stadion.

Nøgd med både innsamling og plassering: Odd Edøy tykkjer det er fantastisk at folk har vore med å bidra og at folk har engasjert seg i innsamlinga til Barnekreftforeningen Møre og Romsdal.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Leiar i Barnekreftforeningen Møre og Romsdal, Frode Tilseth, fortel til Driva at det har kome inn over 70 000 kroner til no og at Barnekreftforeningen er imponerte over både innsatsen til Odd Edøy, summen som er samla inn og over kor mange einskildspersonar som har bidrege i denne flotte aksjonen.