Over 85 000 kroner til Barnekreftforeningen!

I påska deltok Odd Edøy i Hagemanns Høydemeterløp-finalen, som gjekk ut på å springe på bane i 24 timar. For kvar mil gav Edøy pengar til Barnekreftforeningen Møre og Romsdal og oppfordra andre om å vere med på innsamlinga.

Samla inn pengar medan han sprang: – Barn som er ramma av kreft må vi hjelpe, sa Odd Edøy til Driva etter han hadde fullført 24-timarsløpet. Han tykkjer det er gledeleg at innsamlinga til Barnekreftforeningen har fått så mykje merksemd. Her er han med kona Hilde-Gunn Øverlie og dottera Karoline Øverlie Edøy.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Langfredag hadde det kome inn over 70 000 kr. til Barnekreftforeningen Møre og Romsdal som resultat av innsamlinga til Odd Edøy, i forbindelse med 24-timarsløpet.