Full stopp ved ferjekaia på Kvanne:

Entreprenøren møtte ikkje opp. No er avtalen sagt opp og arbeidet utsatt

Entreprenøren som skulle spunte langs steinfyllinga har ikkje kome med mannskap og utstyr til Kvanne som føresett. Møre og Romsdal fylkeskommune har difor valt å avslutte avtalen.
Nyheter

Arbeidet måtte starte i april for å ikkje kome i konflikt med hekketid for fuglar og gytetida i elva Søya. Med tida det tar å få ny entreprenør på plass er ikkje det mogleg. Det er difor tidlegast aktuelt å starte på sikringa i slutten av juni, når Statsforvaltaren opnar for å jobbe på kaia igjen utan konsekvensar for fugl og fisk.