Satsar på jentefotballen

– Hjå oss skal du føle at du bidreg uansett nivå

Kvass/Ulvungen arrangerer treningssamling for J17 med Ålvundfjord skule som base. Det er duka for både trening, foredrag og sosiale aktivitetar. Målet er å knytte sterke bånd som lag. – Vi fokuserer på at det skal vere sosialt og ikkje berre at dei skal bli betre fotballspelarar, men eit betre lag.

Kvass/Ulvungen sitt J17-lag med hospitantar frå Tingvoll J15. I helga skal dei deltake på treningssamling som vil gje dei nye impulsar og styrke felleskapen.   Foto: Kvass/Ulvungen FK

Nyheter

Treningane vil forgå i Hydrohallen, Ålvundfjordhallen og på Ålvundfjord stadion. Trenerutvikler frå Møre og Romsdal fotballkrets, Stig Arild Råket skal ha ei treningsøkt med jentene og halde foredrag. Gerd Stolsmo og Stein Erik Hegerberg skal òg trene jentene og halde foredrag, i fjøset deira i Ålvundfjord.