Sjekka om nypotetane byrjar å bli klare

Torsdag inviterte Sunndalspotet og Landbruk Nordvest til markdag i potet for potetprodusentar i Sunndal. På programmet stod blant anna graveprøve og eit foredrag med Tatiana Rittl i NORSØK.
Nyheter

Rådgjevar frå Landbruk Nordvest, Frode Grønmyr prata i tillegg om det nye innan plantevern. På ettermiddagen torsdag hadde dei ei arbeidsøkt kor dei la inn årets potetåkarar i logistikkprogrammet Fruktklient. Dette programmet gjer det mogleg å spore all potet som blir pakka ved Sunndalspotet ned til den enkelte potetåker.