Meiner det vart køyrd skandalause prosessar i kommunereformen:

- Trur mange kommunar vil reversere

– Det var mykje manipulasjon og fanteri rundt folkeavrøystingane. Også i Heim og nye Molde kommune!

kritisk: Per Gunnar Stensvaag er sterkt kritisk til prosessane som har ført til fleire kommunesamanslåingar. Han meiner Nesset og Midsund har svært lite å hente i Molde kommune. Foto: Sigmund Tjelle 

Nyheter

Det hevdar forfattar Per Gunnar Stensvaag (65) som óg er lokalpolitikar for Senterpartiet i Trysil. I desse dagar er han aktuell med boka «Kaosreformene». Ei bok som har eit kritisk blikk på regjeringa si fylkes- og kommunereform. Boka er skreve etter initiativ frå Lokalsamfunnsforeningen.