Kjenner du nokon av elevane?

Bilete er av Amtsskulen på Langset 1886–87.

Kjenner du att nokon på bilete? 

Nyheter

Romsdal Amtsskule starta opp på Kleive som ein ambulerande skule i 1877. Skulen var to år på kvar plass, og neste «stopp» var Eidsbygda 1879-81, så Helland (Vestnes) 1881-83, Røsok (Harøya) 1883-85 og Langset i Eidsvågen 1885-87. På kvar stad vart det halde to kurs for gutar (frå ca. 1. oktober til 1. april) og deretter to jentekurs (frå midt i april til ca. 15. juli). For ca. 40 år sidan lånte og kopierte eg eksamensprotokollane frå Fylkeshuset og innlemma kopiane i Romsdalsarkivet. Eg fekk nemleg stadig spørsmål om når den og den gjekk der, og det var uråd å svare utan protokollen. Dei fleste elevkulla vart fotograferte, og kopiar av desse er også arkiverte på Romsdalsmuseet. No er problemmet Kven er kven?