REKO-ring framleis i full sving, men: – Det har dabba litt av den siste tida

REKO-ringen i Sunndal hadde si første utlevering på Øratorget i november 2020. Eit halvt år etter har dei hausta både gode tilbakemeldingar og erfaringar.

Handlar frå REKO-ringen ved kvar utlevering: Germain Schmid er oppteke av å støtte REKO-ringen i Sunndal, både fordi han er medviten om kor maten kjem frå og fordi han vil støtte bonden og handle produkt når det er sesong for dei. Her er han saman med dotter si, Embla. Dei har nett handla hjå Oddveig Gikling-Bjørnå og Utistu på Gikling.   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Ein REKO-ring fungerer som ein kontaktplattform mellom forbrukarar og lokale matprodusentar i nærområdet. Som kunde kan ein bestille matvarer frå dei ulike produsentane i Facebook-gruppa REKO-ringen Sunndal. REKO betyr rettferdig konsum. Og i Facebook-gruppa legg initiativtakarane vekt på at dei ønskjer eit mangfoldig og berekraftig landbruk og meir lokal mat.