Han blir leiar for Todalsfjordprosjektet

Styret i Todalsfjordprosjektet har engasjert Trond Skogseth (55) frå Surnadal som ny dagleg leiar i selskapet. Han tek over stafettpinnen etter mangeårig leiar Bergsvein Brøske i oktober.

Han blir den nye leiaren av Todalsfjordprosjektet og tek over stafettpinnen etter Bergsvein Brøske.   Foto: Privat

Nyheter

Trond Skogseth har ingeniørutdanning frå Virginia Tech og Maryville College i USA og har brei leiarerfaring frå norsk og internasjonalt næringsliv. Han har mellom anna vore fabrikkdirektør i Rolls-Royce Marine i Brattvåg, divisjonsdirektør i Normet International, samt først produksjonsdirektør og sidan sals- og marknadsdirektør i Pipelife, kjem det fram i ei pressemelding frå Todalsfjordprosjektet AS.