Inger Marie (26) har byrja som dagleg leiar og fredag feirar dei butikken!

Inger Marie Fjelle (26) er frå Eidsvåg, men bur på Lønset og arbeider på Gjøra. Ho og dei tilsette gler seg til å feire Matkroken Sunndalsporten sitt første år i drift. – Vi håpar at folk dukkar opp for å ha ein koseleg dag.

Drøymejobben: – Eg trivst best med å vere sjef og å ha det ansvaret, seier Inger Marie Fjelle (26).   Foto: Tina Fløystad

Nyheter

Unni Aalbu Gravem har gått ut i permisjon, så frå juni har det vore Inger Marie Fjelle som har styrt skuta som dagleg leiar på Matkroken Sunndalsporten på Gjøra i Sunndal.