Nordstoga i prestegardsfjøset:

Tok publikum med storm

– Tenk, så flott at eg får spele i eit fjos, smilte visesongaren på ekte Vinjemål. Odd Nordstoga imponerte stort i prestegardsfjøset laurdag.

GOD STEMNING: God stemning i prestegardsfjøset laurdag ettermiddag. Alle foto: Sigmund Tjelle. 

Nyheter

Dei kom etter kvart som perler på ei snor, dei mange songane som folk har vorte så glade i. Etter halvanna time med gitaren, trekkspelet og munnspelet, var det eit svært så entusiastisk publikum som takka Nordstoga med ståande applaus.