Å skrive på dialekt

Ivar Bølset har komme med ei meiningsytring om skriftleg bruk av nordmørsdialekt, og sjefen her i avisa har bede meg om å kommentere.

Illustrasjon: ALf Ivar Bruseth 

Nyheter

Hovudpoenget til Bølset, slik eg oppfattar det, er at forsøk på ein svært dialektnær skrivemåte kan vera vanskeleg å forstå. Han viser til Lov om stadnamn, med det viktige prinsippet at skrivemåten ikkje skal styggje for meiningsinhaldet i namnet, og overfører dette til å skrive dialekt. «Skrekkeksempelet» hans er «smærgræt» for smørgraut.