Dette skal bli nynorsken si regjering

– Om Støre si draumeregjering leverer nynorskpolitikken dei har lova i dei tre programma sine, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Har enorme forventingar til Jonas Gahr Støre og dei han får med seg.  Foto: Jannica Luoto

Nyheter

Tidlegare i år vedtok Stortinget ei ny språklov som slår fast at det offentlege aktivt skal styrkje nynorsk. No blir det ei raudgrøn regjering som skal skrive det neste kapittelet i norsk språkpolitisk historie, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.