Populært med lavterskel-tilbod

– Ein treff folk og blir ikkje sitjande heime aleine

Onsdagar kan ein fare på tur med Seniornett Sunndal. Eit tilbod som har hatt stor suksess og som gjev både turglede og generell glede til deltakarane.
Nyheter

I vinter byrja Seniornett Sunndal med prosjektet «På tur med Seniornett Sunndal», etter å ha søkt om og motteke midlar frå Stiftelsen Dam. Midlane skulle bli brukt til aktivitetstiltak for seniorar som skal forebyggje einsemd og isolasjon grunna korona-pandemien. Stiftelsen Dam fekk midlane frå regjeringa si tiltakspakke for sårbare eldre.